Framleis plass på kurs om livsstilsendring og meistring av eiga helse

Nordhordlandskommunane tilbyr i fellesskap eit interkommunalt kurstilbod over tre månadar for deg som har eller står i fare for å utvikle livsstilssjukdom som diabetes type 2, overvekt eller hjarte-/karsjukdom. 

Kurset går over fem dagar frå kl. 09.30-14.00. Datoane for kurset er :

  • 8. september
  • 15. september
  • 6. oktober
  • 27. oktober
  • 1. desember

Kurset vert leia av helsepersonell og brukarrepresentant.

Tema vert smart mat for betre helse, aktivitet, gode verktøy for å lukkast med endring av livsstil og leve godt med eigne helseutfordringar. Kvar kursdag vil det vera ein teoridel, lunsj og fysisk aktivitet.

Kursavgift kr 500,- Dette inkluderer lunsj og kursmateriell.

Fastlegen kan også tilvise deg .

Påmelding innan 1. september til:
På e-post:  post.lms@sing.no
Tlf: 40910488 mellom kl 0930-1330

Web levert av CustomPublish