Forsvarsforeninga med stor 8. mai-markering

Radøy kommune og Vestnorsk Utvandringssenter står som vertskap for Nordhordland forsvarsforening si tradisjonsrike markering av fridomsdagen og veterandagen for soldatar i utanlandsteneste.

Forsvarsforeninga legg 8.mai-markeringa til ulike kommunar i Nordhordland, og i år er turen komen til Radøy og Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta.

Det vert samling i Emigrantkyrkja frå kl. 17.00 til 18.30, men alt kl. 12.00 opnar senteret for publikum – med fleire spennande utstillingar.

Svein Alsaker held tale

Under tilskipinga i kyrkja vert det 8.mai-tale ved tidlegare fylkesmann Svein Alsaker. Ein representant frå Sjøforsvaret skal halda veterantale for krigsseglarane. Det vert også song og musikk og andre innslag.
Det vert lagt ned krans ved monumentet for 99.bataljon og monumentet for krigsseglarane. Prest i Fregattvåpenet, Hans Kenneth Sundsbø, står for avslutninga ved Emigrantkyrkja.

Kl.18.45 blir det servering av betasuppe og kaffi og kaker i samfunnshuset Skogen for påmelde veteranar og inviterte. Også her vert det song og musikk, og helsingar.

Spesielt inviterte

Alle krigsveteranar i Nordhordland frå andre verdskrig, og alle som har gjort teneste for FN eller NATO i utanlandsoppdrag, er inviterte til samling og mat på Samfunnshuset.
Dei som ønskjer å vera med på denne samkoma kan melda seg på til Radøy kommune tlf 56349000 eller Sven-Olav Saltnes tlf 56 373514/91568435.

 

Skrive av Arthur Kleiveland, Radøy kommune

 

Web levert av CustomPublish