Forslag til meddommarar frå Lindås

Forslaget til kven som skal vere meddommar i dei ulike rettsinstansane ligg no til offentleg ettersyn. Har du kommentarar til lista, må du sende dei til kommunen innan 13. mai 2016.

19. april 2016 kom valnemnda i Lindås kommune med framlegg til meddommarar til Nordhordland Tingrett, Gulating lagmannsrett,  Nord- og Midthordland jordskifterett og Forliksrådet. Meddommarane blir valt for perioden 1. januar 2017 til 31. desember 2020.

Trykk her for å sjå kven valnemnda har foreslått til dei ulike rettsinstansane

Framlegget ligg no til offentleg ettersyn. Har du innvendingar til framlegget, må du melde ifrå til kommunen innan 13. mai 2016.

Har du innspel?

Send innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller som brev til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Web levert av CustomPublish