Folkemøte om utbygging i Lonena

Planprogrammet for områdeplanen til Lonena i Knarvik er i gang. Vil du høyre meir om planane? Kom på folkemøte måndag 12. desember.

Både grunneigar og leiar i plan- og miljøutvalet kjem på møtet for å orientere om planane.

Arbeidet er eit privat-offentleg-samarbeid. Det er ein privat utbyggjar som har utarbeidd planprogrammet, som no er på høyring.

Slik kan du kome med innspel

Planprogrammet er på høyring til 2. januar 2017.

Trykk her for å lese meir om høyringa og sjå korleis du kan kome med dine innspel

Last ned planprogrammet

Trykk her for å laste ned forslaget til planprogram.

Tid og stad for folkemøtet

Dato: Måndag 12. desember 2016
Tid: klokka 19.00 til 20.30
Stad: Nordhordlandshallen

Web levert av CustomPublish