Folkemøte om regional transportplan

Kva vedlikehald og investeringar vil du ha på fylkesvegane i Lindås kommune? Vi inviterer til folkemøte for å samle innspel til Hordaland sin transportplan.

Kva er regional transportplan?

Regional transportplan (RTP) er ein langsiktig og overordna plan for utviklinga av transportsektoren i fylket vårt. Planen seier kva som skal skje kvar fram til 2029. Det overordna målet for RTP frå 2018 til 2029 er at Hordaland skal ha eit sikkert transportsystem som sikrar mobilitetsbehov og bidrar til omstilling i lågutsleppssamfunnet.

Velkommen til folkemøte

Tysdag 7. mars inviterer formannskapet i Lindås kommune til folkemøte for å orientere om planen og ta imot innspel frå innbyggjarar og næringsliv. Alle innspela blir samla i eit felles høyringsinnspel frå kommunen.

Møtet varar frå 18.00 til 21.00 og skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik.

Agenda for møtet er:

  • Gjennomgang av planforslaget
  • Open runde med innspel frå salen

Slik kan du påverke

Delta på møtet og få innspelet ditt med i kommunen sitt fellesinnspel, eller send innspelet ditt direkte til Hordaland fylkeskommune.

Trykk her for å gå til Hordaland fylkeskommune sin artikkel om RTP. Her kan du laste ned alle høyringsdokumenta, og sjå korleis du kan sende innspela dine direkte.

Fristen for å kome med innspel er 7. april 2017.

Web levert av CustomPublish