Førebels ingen streik i Lindås

Lindås kommune har ikkje mottatt streikevarsel frå Utdanningsforbundet. Førebuinga til nytt skuleår, går difor som planlagt.

Fleire kommunar og fylkeskommunar er åka av streik.

Arbeidstakarorganiasjonen Utdanningsforbundet har vore i streik sidan før sommaren. Det er no klart at streiken vert utvida  frå og med måndag 11. august, og varsel om plassfråtreding er sendt ut til 132 skular over heile landet.

Lindås kommune har ikkje mottatt eit slikt varsel, og førebuing til nytt skuleår held difor fram på vanleg måte.

Heimesida og facebooksida til kommunen vert oppdatert om det skjer endringar på dette.

Web levert av CustomPublish