Følgjebevis

Følgjekort eller ledsagerbevis er eit tilbod til deg med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Kortet gjer deg rett til å ha med følgje gratis, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur -og fritidsarrangement  og offentlig transport .

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga.  Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år
  • Nedre aldersgrense for dette tilbodet er 8 år

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer eller fornyar du følgjekortet

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for følgjekort
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer
  3. Legg ved to passfoto og uttale frå fastlege eller spesialist
  4. Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din – ikkje send søknaden på e-post
  5. Send søknaden og vedlegga til

Lindås kommune, Forvaltningskontoret
Kvernhusmyrane 41
5914 Isdalstø

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish