FN-dagen

Dette er ei ressursside for tilsette i alle barnehagane i Lindås kommune - både private og kommunale.

FN- dagen er til for å gjere verdas menneske merksame på FN sine mål og prestasjonar. Dagen har blitt markert sidan 1948 og markerer at FN-pakta trådde i kraft 24. oktober 1945.

Fram mot FN-dagen 24. oktober vil tema som rettferd og menneskeverd bli aktuelle i barnehagar i heile landet.

Forankring i rammeplanen

Temaet rettferd kan knyttast til fleire av områda som vert omtala i rammeplanen til dømes barn sine danningsprosessar. Barnehagen skal medverke til at barna utviklar toleranse og interesse for kvarandre. Dessutan skal ein fremje respekt for kvarandre sin bakgrunn uansett kulturell- og religiøs eller livssynsmessig ståstad. Dette er sentrale samfunnsverdiar som skal leggjast til grunn for omsorg, danning, leik og læring i barnehagen.

Barnehageloven § 1 Barnehagens formål og innhold, 1. ledd, der står det mellom anna at:
"Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene."

Eksempel på aktivitet i samband med FN:

  • Vise flagg frå fleire land
  • Lage flagglenkje
  • Sjå på fargar
  • Sangleik om flagg og land
  • Lære bokstaven/lyden F og N
  • Snakke om barn sin medveerknad, gjerne med utgangspunkt i teikningar eller rollespel
  • Samtale rundt menneskeverd og likestilling
  • Jobbe med barn sine rettar (barnekonvensjonen)

Nettsider med gode idear til korleis ein kan jobbe med FN i barnehagen:

Web levert av CustomPublish