Finn ledige næringsareal

I Lindås kommune finst det spennande næringsområde - til deg som er på jakt etter eit område å etablere eiga verksemd. Ledige areal og tomter er presentert på www.arealguiden.no. Det unike med nettstaden, er at du kjem rett inn i reguleringsplanane for kvart av områda.

Arealguiden.no tar utgangspunkt i eit kart der alle næringsareal er plotta inn, og der du får opp bilete og ei kort skildring av kvart enkelt areal, med lenkje direkte inn i gjeldande reguleringsplan for området. Du finn også lenkje til tilbydarane sine nettstader for dei aktuelle areala og tomtene.

Det digitale kartet viser alle areal av ein viss storleik i kommunen. Her finn du både jomfrueleg mark for sal og kontorbygg med areal som kan kjøpast eller leigast. Her er direkte lenkje til areala i kommunen vår: http://arealguiden.no/Arealguiden.no/Bergensregionen/(municipality)/1263/(type)//(dock)//(distances)/1213-200,1214-200,1252-200

 

 

Ledige areal

Bergensregionen har for få ferdigregulerte næringsareal, der næringslivet ønskjer seg areal. Difor har Business Region Bergen arbeidd med å skape oversikt over ledige areal. Med den nye www.arealguiden.no, har heile regionen fått eit nyttig verktøy for å få ein slik oversikt, seier Vidar Totland i Business Region Bergen, som er sentral i sjølve utviklinga av Arealguiden. Han kjenner ikkje til andre system som koplar næringseigedomar med til dømes reguleringsplanane til alle areala, slik dette kartet gjer.

Er det større areal eller kontorbygg i kommunen som til no ikkje er med i guiden, så gje tilbakemelding til næringssjef i Austrheim og Lindås, Øystein Sørhaug.

Kartet er utarbeidd av Business Region Bergen og Greater Stavanger, og vert oversett til engelsk i løpet av 2015.

 

Har du innspel/spørsmål - kontakt:
Øystein Sørhaug, næringssjef i Lindås/Austrheim
Send e-post til oystein.sorhaug@lindas.kommune.no eller ring på mobil 90981040

Web levert av CustomPublish