Her legg Lindås og Meland brann og redning eitt av dei siste laga på skøytebana før ho opnar. Foto: Olaf Michal Hella

Her legg Lindås og Meland brann og redning eitt av dei siste laga på skøytebana før ho opnar. Foto: Olaf Michal Hella

Finn fram skøytene!

Tysdag 5. januar klokka 15.00 opnar vi ei skøytebane ved Nordhordlandshallen i Knarvik. Bana er open frå 10.00 til 22.00 kvar dag – så lenge isen held!

Vi ber om at folk lar isen kvile utanom opningstidene. Då vert bana sprøtya, og treng tid til å herdast før ein ny dag med aktivitet.

Takk til eldsjeler i eigedomsavdelinga og Lindås og Meland brann og redning for ekstrainnsats, slik at du kjem deg ut på glattisen. Det er mykje arbeid å lage skøyteis. Driftskoordinator Atle Vaage håpar difor at folk kjem seg ut og nyttar isen – så lenge det er kaldt.

– Dropp middagen! Leit heller fram skøyter, hjelm og pakk nokre pølser og litt ved i ein sekk. Lag gjerne bål – og sørg for at det blir god stemning på isen, seier Vaage.

Han oppmodar lokale idrettslag til å leggje vekk dei vanlege aktivitetane sine og heller invitere til aktivitetar på isen. Skulane er også hjarteleg velkomne på dagtid!

Toaletta i garderobebygget på nordsida av grusbana er opne!

Følg med på facebooksida til idrettsanlegg i Lindås for siste nytt om isen. Trykk her for å gå rett til denne facebooksida. Meldinga på denne sida er tilgjengeleg også for deg som ikkje har eigen facebookprofil!

Vi oppdaterer facebooksida så snart veret snur, og bana vert stengt. I mellomtida oppmodar vi alle til å dele meldinga – slik at flest mogleg får seg ein tur før varmegradene kjem.

Vel møtt!

Web levert av CustomPublish