Safia frå Somalia fortel korleis det er å vere innvandrar i Noreg.

Safia frå Somalia fortel korleis det er å vere innvandrar i Noreg. Foto: Ane Bysheim

Ferdig vandra riddar av 1. klasse

Røyk ut av munn og nase, utan å røyke, kan vere ei skummel oppleving om ein ikkje kjenner til at det  heiter frostrøyk. Som innvandrar frå Afrika til Noreg er det mange underfundige fenomen og ikkje minst, merkelege ord og uttrykk å møte.

Les kva inntrykk og refleksjonar Per Ole Ekker, dagleg leiar i Frivilligsentralen, sit att med etter internasjonal kulturkveld i Nordhordlandshallen. Arrangementet er eit samarbeid mellom alle Frivilligsentralane i regionen.

Safia kom frå Somalia til Noreg og har innvandra seg så bra at ho kallar seg medvandrar. Angåande vandring så har Safia vore gjennom det meste av vandring – både i sitt eige heimland, og det som vårt norske samfunn byr på av vandring.  Her til lands kallar vi det tur. Safia har vore på biltur, båttur, hyttetur, søndagstur, fjelltur, strandtur, onsdagstur. Ho seier vi nordmenn er på vandring heile tida. Det får ein til å tenkje på ordbruk i møte med flyktningar og innvandrarar.

Å vere frå eit anna land og stå på ein norsk scene for å snakke om verdiar og haldningar i det norske samfunnet, er etter kvart blitt vanleg. Dette er ei viktig kulturutveksling og gjensidig skolering. Innhald som vert presentert frå scenene kan vere mykje likt, men personlegdom og framføring er det som gjer forskjellen. Safia utgjer den forskjellen.

Ein sit med mange bilete i hovudet etter førestillinga Safia hadde i Nordhordlandshallen. Ei afrikansk middelaldrande trebarnsmor, rennande på plastpose vinterstid ned gata hu bor i – i Harstad. Ei tannbehandling i Noreg kor det kjem fram at det finst alternativ til berre å trekke ut ei vond tann. Ein samtale som fort blir interessant når sørover og sjørøver høyrast heilt likt ut. Og korleis vi nordmenn kan sove med madrass over oss på natta, madrass som vi kallar dyne… Humoren ho presenterer på scena er eigentleg  gode observasjonar av daglege situasjonar og gjeremål i det norske samfunn, framført av ein afrikanar i fargesprakande afrikansk drakt. Heile tida med ein alvorleg raud tråd i innhaldet.

Medvandrar

Og den raude tråden er medvandraren. Ein vandrar som ikkje berre har lette kvardagar i eit framand land. Men Safia er bevis på at det å vere nysgjerrig og stå-på-vilje gjer alle til vinnarar ut ifrå sine eigne premissar. Ope sinn krev stort mot i møte med norsk kultur, tradisjon, veremåte og uskrivne reglar.

Kjerringa med staven

Chiku Ali er kjent for mange. Både gjennom politikk og gjennom utøvande kultur. Ho får salen med seg i ein herleg blanding av afrikanske rytmar og norsk folketone,  ein folketone som i denne anledning blei «kjerringa med staven». Ei anna form for integrering, foreina med den respekt begge uttrykk fortener. Chiku Ali er ein formidlar som fyller rommet, og beviste at om vi nordmenn er født med ski på beina, så er ein afrikanar født med dans i beina.

Idretten brukar ordet mengdetrening. Safia song «jo mere vi er sammen». Eg trur det ligg mykje i det å vere meir saman. Kanskje vi må trene meir på det å vere meir saman.  Ei førestilling med Chiku og Safia gir oppleving av eit fellesskap alle bør kjenne på, og som vi treng meir av. 

Web levert av CustomPublish