Fasadeendring

Fasaden på et bygg er ytterveggar og tak. Ei fasadeendring kan til dømes vere å bytte vindauge, endre kledning eller taktekking, sette inn ei ny dør eller å «glasse inn» ei balkong.

Du må ikkje søkje om løyve til alle fasadeenringar.

Du treng som hovudregel ikkje å søke dersom:

  • du skal skifte tak (ver klar over at det kan vere søknadspliktig om taket vert heva)
  • du endrar heile fasaden tilbake til slik bygningen tidlegare var oppført (dette må du kunne dokumentere)
  • du skal skifte, setje inn eller fjerne vindauge eller dør, så lenge karakteren til bygningen ikkje  vert endra. Du kan til dømes:
    • sejte inn og fjerne mindre kjellar- og takvindauge
    • utvide ei opning frå vindauga til dør – om du ikkje endrar breidda
    • endre fra dør til vindauge med samme breidde
    • skifte ut vindauge og dører – med lik utsjånad
    • byggje altan som er understøtta og ikkje endrar karakteren til bygningen

Du kan søke på eiga hand dersom

  • du skal gjere mindre fasadeendringar, som til dømes nye takvindauge som ikkje går inn i bærande konstruksjonar

Du må søke med hjelp fra fagfolk dersom

  • du endrar bygningen sin karakter
  • du gjer  inngrep i bærande konstruksjonar
  • du gjer inngrep i brannveggar eller andre brannsikre bygningsdelar
  • tiltaket er nærare enn 4 meter frå nabogrensa
  • krava til lys, rømming eller brannsikkerhet ikkje blir oppfylt

Døme på tiltak:

  • karnapp og utkragede konstruksjonar som stikk ut over fasaden
  • påbygg som arker, påbygg på tak eller løfting av tak
  • terrasser som ikkje ligger på bakken
  • balkongar
  • skifte ut dør eller vindauge der lysflata blir vesentleg større eller mindre

Vi gjer merksam på at fasadeendringar på bygningar med kulturminneinteresse oftare vil endre karakteren til bygningen, og dermed kan være søknadspliktige.

Må du endre fasaden fordi du skal bruke rommet på ein ny måte, til dømes endre frå bod til soverom? Då må du søkje om bruksendring. Fasadeendringa blir då ein del av denne søknaden.

Trykk her for å lese om bruksendring.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5174
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • fasadeteikningar
    • planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • snitt
  • Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kva kostar det?

Pris for fasadeendring der du kan søke sjølv er kr. 4.050.

For søknad som krev bruk av ansvarleg føretak er prisen kr. 7.000.

Gebyret er det same for avslått sak.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Du kan også ta kontakt med kundesenteret på rådhuset tysdag og torsdag i tidsrommet 09.00 – 11.30 og 12.00- 15.00, anten ved oppmøte eller på telefon 56 37 51 00.

Trykk her for å lese meir om kva vi kan hjelpe deg med på kundesenteret.

Web levert av CustomPublish