Fallførebyggjande gruppetrening

Dette er eit tilbod til deg som bur heime og er over 65 år.

Kva får du?
  • Målretta trening av styrke og balanse med gruppetrening to gonger i veka i 6 veker.
  • Fokus på fysisk trening og fallførebyggjande tiltak i heimen. Heimebesøk for deltakarar ved behov.
Krav til søkjar
  • Bur heime, er over 65 år  og har eit ønskje om å auke aktivitetsnivået.
  • Kan gå minst 300 meter med eller utan ganghjelpemiddel.
  • Kan følgje eit gruppeopplegg og gjere eigentrening heime.
  • Har nedsett balanse eller føler deg ustø.
Kva kostar det?

Eigenandel på kr. 97,- pr. treningstime. Beløpet blir lagt til frikort for eigenandelstak 2 - som pr. 01.01.18 ligg på kr. 2.025,-.

Kvar er det?
  • Treningssalen på Knarvik sjukeheim.
  • Treningssalen i Lindåshallen.
Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi startar nye treningskurs vår og haust, totalt 4 grupper i året.

Slik søkjer du

Dersom du ønskjer å delta på fallførebyggjande gruppetrening  tek du kontakt med fysio- og ergoterapitenesta i Lindås kommune.

Web levert av CustomPublish