Ungdomar frå 10. klasse fekk ein fagdag i kommunen torsdag 12. februar 2015.

Ungdomar frå 10. klasse fekk ein fagdag i kommunen torsdag 12. februar 2015.

Fagdag i kommunen

Denne flotten buketten med ungdomar, fekk oppleve og lære om arbeidet til ulike avdelingar i kommunen.

Lindås kommune arrangerte for første gong fagdag for 10. klasse torsdag 12. februar. Dette er eit samarbeid med Nordhordland Handverk og Inudstrilag, kompetansekoordinator Vivian Kårbø, og målsettinga er at elevane skal få ein heil dag i ei bedrift for å få kunnskap om ulike yrkesretningar.

Dagen starta på personalkontoret med informasjon om lærlingeordninga, og spesielt innan barne- og ungdomsarbeiderfaget og helsefag. Deretter fekk ungdomane besøke Juvikstølen barnehage, dagavdeling for funksjonshemma, Knarvik sjukeheim og heimetenesta der me besøte Einelia og fekk informasjon om omsorgsteknologi.

Med frå pleie og omsorg var fagkoordinator og ass einingsleiar Benthe F.Helland og SFO leiar på Knarvik barneskule Laila A. Nøttveit og May Eva Sandvik, som er ansvarleg for lærlingane i kommunen.

- Det var ein kjekk dag i lag med flotte og engasjerte ungdomar som me håper kan gjerast til eit årleg arrangement. Og me håpar sjølvsagt at me får sjå dei igjen som lærlingar i kommunen, seier Sandvik.

 

Web levert av CustomPublish