Lindås inviterte til erfaringskonferanse 2. november 2016.

Lindås inviterte til erfaringskonferanse 2. november 2016.

Erfaringar etter omsorgstenkologiprosjekt

Korleis er kvardagen for brukarane? Korleis kan kommunane hente fleire gevinstar? Kva erfaringar har Lindås kommune etter det store omsorgsteknologiprosjektet? Dette var nokre av spørsmåla på erfaringskonferanse 2. november.

Lindås kommune inviterte til erfaringskonferanse onsdag 2. november 2016. Salen var nesten full med samarbeidspartar i prosjektet, fleire kommunar (9 stk) i Hordaland var representert og sjølvsagt tilsette frå fleire einingar i Lindås kommune.

Det heile vart trygt leia av prosjektleiar Kari Eidnes Bjørkheim. I velkomstorda frå ordføraren vår, Astrid Aarhus Byrknes, la ho vekt på den store jobben som var gjort ved å byggje og forankre grunnlaget både administrativt, politisk og i heimetenestene. Ho gav ein stor takk til alle tilsette som hadde vore med på dette arbeide og ikkje minst prosjektleiar Kari som eldsjel og pådrivar.

Lanserte forskingsresultat

Det var stor forventning til stipendiat Mari Berge sin offentleg gjering av forskingsresultat. Mari fortalte om forskingsintervjua ho hadde gjort med brukarar, pårørande og tilsette. Desse intervjua viste kor viktig det er med informasjon og opplæring. Det er viktig at brukarane får svar på det dei lurar på ei tid etter installasjonen då det er mykje som skjer på installasjonsdagen og vanskeleg å få med seg alt.

Pårørande opplevde ein tryggare kvardag, då dei ikkje var så uroleg for sine. Dei fleste hadde same kontakten, men møta var meir sosiale.

For tilsette sin del, viser det seg at opplæring, det å vere trygg på utstyret, førte til at dei vart positive. Og positive og trygge tilsette fører til at brukarane vart trygge og. 

Hauste fleire gevinstar

Det har vore ein del barnesjukdomar og innføringsproblem, spesielt for nattpatruljen. Sengealarmer som gjekk av når dei ikkje skulle, dør-alarmar som gjekk sjølv om bruker ikkje gjekk ut. Når ein oppdaga desse og fekk gjort justeringar fungerte sensorane som dei skulle.

Lyn og torden (og stormen Nina) har også vore ein stor utfordring. Uveret slo ut omsorgsteknologiutstyret i stor skala. Norske forhold er ikkje lik for eksempel Storbritannia. Dette måtte ein ta høgde for.

Prosjektleier Kristin Standal frå KS  snakka om «Det nasjonale velferdsteknologiprogrammet - resultat og framtidig nasjonalt arbeid» og hadde fokus på korleis ein kan bli betre på gevinstrealisering. KS og Helsedirektoratet arbeider med å lage anbefalingar for velferdsteknologi/tryggleiksskapende teknologi, korleis få ut gevinstar og synleggjere gevinstar overfor politikar og adm.

Frå prosjekt til drift

Professor Rolf Moe-Nilsen hadde eit humoristisk blikk på «Aldring, balanse og fysisk aktivitet» der han fint fletta inn ulike typer velferdsteknologiske hjelpemiddel – alt frå sjølvsagte ting i dagleglivet vårt til litt meir avanserte ting. Han viste oss at eldre i alle aldrer er interessert i utstyr som kan vere med på å la ein få leve mest mogleg vanleg og utan å vere avhengig av andre.

Til slutt takka rådmann Ørjan Forthun av med å fortelje litt om vegen vidare for Lindås kommune. Omsorgsteknologi er no ein del av den ordinære tenesta og er ikkje lenger eit prosjekt. Alle som søkjer om tryggleiksalarm får tilbod om omsorgsteknologi.

Web levert av CustomPublish