Er du vår nye tilsynsførar?

Barnevernet i Lindås kommune søkjer nye tilsynsførarar for barn i fosterheimar.

Barneverntenesta skal føre tilsyn med kvart enkelt barn i fosterheim fram til barnet fyller 18 år. 

For å sikre at barnet blir godt ivaretatt i fosterheimen, skal alle barn i fosterheim ha tilsynsførar. Den viktigaste oppgåva til tilsynsføraren å følgje med, og gjere seg opp ei meining om korvidt barnet blir tilfredsstillande ivaretatt. Du skal også sjå om forutsetningane for plasseringa blir følgt opp. Dette uavhengig av særlege interesser barneverntenesta, fosterforeldra og foreldre måtte ha. Ei anna viktig oppgåve for tilsynsførar er ansvaret for å sørgje for at barnet sine erfaringar og oppfatningar blir fanga opp, og formidla til barneverntenesta, som har det formelle ansvaret for plasseringane.

Dine arbeidsoppgåver

  • Tilsynsførar skal besøke fosterheimen minimum fire gonger i året, og skal sende rapport til barneverntenesta etter kvart besøk.
  • Barnet skal når som helst kunne ta opp med tilsynsførar eventuelle problem i forhold til fosterheimen eller barneverntenesta.
  • Tilsynet blir tilrettelagt barnet sitt behov og alder.

Målgruppe

Personar som kan vere uavhengige støttepersonar for barn i fosterheim.

Kriterier/vilkår

  • Du må framvise politiattest.
  • Du kan gjerne ha erfaring frå arbeid med barn, og det er viktig at du kan ta på deg oppdraget for ein lengre periode.
  • Du må ha ei uavhengig rolle i forhold til barneverntenesta og fosterforeldra.
  • Ved valg av tilsynsførar skal det leggjast særleg vekt på å finne fram til ein person som barnet har, eller kan få naudsynt tillit til.

Lønn/godtgjersle

  • Timebetaling og kilometergodtgjersle etter staten sine satsar.  
  • Rettleiing vil bli gitt ved behov, og det blir arrangert årlege treffpunkt med andre tilsynsførarar.

Ta kontakt

Er du interessert, eller kjenner du nokon som kan vere aktuelle?

Ta kontakt med Anne Birthe Kvant for nærare informasjon.

Web levert av CustomPublish