Endra veterinærvaktordning

Etter anbodskonkurranse på vegne av vaktdistrikt Nordhordland, er det inngått avtale med 4 veterinærar som frå 1. okt 2013 har ansvar for veterinærvakt i Nordhordland: Lars Fredrik Sætre, Carl Aage Wangel, Sondre Juvik og Siri Live Svelle.

Ved trong for akutt veterinærhjelp utanom ordinær arbeidstid ta kontakt med:

  • Carl Aage Wangel: tlf 56 351106
  • Knarvik Dyreklinikk: tlf 56 354575

Du vil då få opplyst kven som er vakthavande veterinær.

Bakgrunn:

Kommunane har etter lov om veterinær og anna dyrehelsepersonell ansvar for at kommunen har tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell og organisera vaktordning utanom ordinær arbeidstid = veterinærvakt.

Veterinærvakt.

Kommunane har sidan 2008 hatt ansvar for å organisere en klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Nordhordland vaktdistrikt er definert som kommunane Austrheim, Fedje, Radøy, Lindås og Meland. Meland kommune har hatt driftsansvar på vegne av dei andre kommunane.

KS har funne ut att den tidlegare ordninga med å ha samarbeidsavtalar med kvar veterinær er brot på  konkurranseloven og EØS-konkurransereglene. Konsekvensar for kommunane er at veterinærvakt må gjennomførast på same måte som ein anna offentleg  anskaffing. Det må lysast ut som  offentleg innkjøp gjennom Doffin  og reglane for anbod m.m. må følgjast. Driftsansvarleg kommune  må gjera tidsavgrensa avtalar med veterinærane  og det vert anbefalt at den gjeld for 4 år. Meland kommune har gjennomført slik anbodskonkurranse og frå 1. okt 2013 er det inngått avtale med 4 veterinærar. Det er Lars Fredrik Sætre, Carl Aage Wangel, Sondre Juvik og Siri Live Svelle.

Det er ei viktig presisering at kommunen sitt ansvar ikkje berre er å sikra ei velfungerande vakt i høve til landbruk, men at alle dyreeigarar skal kunna ha naudsynt tilgang på veterinær dersom kjæledyr, sportsdyr m.m. treng hjelp både på dag og kveldstid. Det kan gjerne samanliknast med fastlege/legevakt ordninga.

Web levert av CustomPublish