Eigedomsskatt på verk og bruk for 2018

Lista ligg til offentleg ettersyn i tre veker frå tysdag 27. februar 2018. 

Lista visar takst og skattesats for dei skattepliktige eigedomane i Lindås kommune.

Skattelista vert lagt ut i ekspedisjonen på rådhuset, og her på heimesida til kommunen.

Trykk her for å laste ned lista over eigedomsskatt for 2018.

Vil du klage?

Du kan klage på taksten i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatten. Retten til å klage gjeld berre om du ikkje har klaga på det same grunnlaget tidlegare år.

Du må klage skriftleg innan seks veker frå dagen lista vart lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt.

Klagen sender du til eigedomsskattekontoret, som har følgjande adresse:

Lindås kommune
Økonomiavdelinga
5914 ISDALSTØ

Web levert av CustomPublish