Eigedomsskatt på verk og bruk for 2016

På bakgrunn av kommunestyre sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2016,og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert ei eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker frå fredag 26. februar.

Lista viser dei skattepliktige eigedommane med opplysningar om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Skattelista vert lagt ut i ekspedisjonen på rådhuset, og her på heimesida til kommunen.

Trykk her for å laste ned lista for 2016

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på det same grunnlaget tidlegare år. Klaga må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med eigedomsskattelova § 14.

Eigedomsskattekontoret har adresse:

Lindås kommune
Økonomiavdelinga
5914 ISDALSTØ

Les meir:

Web levert av CustomPublish