E-bøker gir deg biblioteket i lomma

No kan du låna bøker om du sit heime, er på veg til jobb eller er på ferie i varmare strøk. Biblioteka i Nordhordland er klare med gratis lån av e-bøker.

E-lån Hordaland er eit nytt tilbod i folkebiblioteka i Hordaland (utanom Bergen). Over fire hundre titlar er klare til utlån. Førebels er det mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Tilbodet vil snart bli utvida med lydbøker. Fylkeskommunen samarbeider med Vestnorsk filmsenter for at det også skal bli mogleg å låna kunstnarlege kortfilmar som er produsert på Vestlandet.

For å låne treng du å ha lånekort i eit av folkebiblioteka.                                                                        

Lånetida er 3 veker.

Besøk e-låneportalen:  E-lån Hordaland

Besøk felles nettside for biblioteka i Nordhordland her.

Web levert av CustomPublish