Du kan trygt drikke vatnet i Lindåsbygda

Brotet i Kolåsvegen er reparert. Vatnet er testa. No kan alle som bur i Lindåsbygda trygt drikke og bruke vatnet i springen til matlaging.

Vatnet er friskmeldt

Lindås kommune sendte kokevarsel til innbyggjarar i Lindåsbygda tysdag 4. oktober 2016, etter eit større vassledningsbrot i Kolåsvegen..

No har tilsette i vass- og avløpsavdelinga i Lindås kommune reparert skaden og testa kvaliteten på vatnet. Vatnet er friskmeldt, og du kan trygt drikke og bruke vatnet til matlaging.

Fekk du ikkje melding frå oss?

Vi varsla innbyggjarane i området på tekstmelding eller talemelding på fasttelefon. Bur du i eit av områda som fekk kokevarsel, men sakna direktemeldinga frå oss i kommunen? Då kan det hende at du ikkje er registrert med rett nummer i det vi brukar som oppslagsverk.

Trykk her for å sjå korleis du kan endre eller legge til eit telefonnummer.

Web levert av CustomPublish