Korleis ser framtida ut for oss som bur og jobbar i Lindås kommune? Illustrasjon:

Korleis ser framtida ut for oss som bur og jobbar i Lindås kommune? Illustrasjon: Ingun Redalen White

Du får hovudrolla i kommunal turné

Fredag 25. november legg vi ut på turné for å hente innspel til ny kommuneplan. Vi håper at du grip sjansen og «syng ut» om kva framtid du ønskjer.

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. No jobbar vi i Lindås kommune med samfunnsdelen, som er ein overordna plan om framtida til kommunen.

Spørsmåla er mange. Korleis ser det ut der folk bur om fem, ti, tjue år? Kva lever vi av? Korleis er det å vekse opp i Lindås kommune? Korleis kan vi få til nyskaping i næringslivet?

– Vi gler oss til å snakke med folk, og høyre kva dei meiner om ulike tema. Alle innspel er like viktige, og blir lagt fram for politikarane når dei overtar stafettpinna på nyåret, seier prosjektleiar for ny kommuneplan, Line Thuen Waage.

Fredag 25. november går startskottet til den omfattande turneen. Målet med turneen er samle inn flest mogleg innspel om framtida til kommunen. Første stoppestad er senteret i Knarvik. Deretter går turen til på Lindås og Ostereidet, biblioteket i Knarvik og hurtigbåten til Bergen.

– I staden for å be folk om å kome til folkemøte, kjem vi til folket. Vi vil gjere det enkelt å kome med innspel, og inviterer oss sjølv til plassar der vi veit at folk er, fortel Thuen Waage.

Lindås kommune tar i bruk heilt nye verkemiddel for å få folk til å delta i prosessen. Folkemøte er bytta ut med eit stort framtidsbilete, ei digital spørjeundersøking og nye møteplassar.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun er stolt at satsinga, og gler seg til å følgje turneen.

– Kommuneplanen er den viktigaste planen vår. Den seier kva type samfunn vi vil ha og kva grep vi må ta for å kome dit. Og sidan framtida til kommunen er framtida til alle som bur og driv næring i Lindås kommune, er det viktig å høyre kva folk meiner, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun.

Kommunen vil også invitere naboarkommunar og andre til å kome med innspel. Kommuneplanen vil gjelde til den nye storkommunen har fått på plass nye, felles planar.


Trykk her for å gå til sida med meir informasjon om turneen og korleis du kan kome med innspel

Web levert av CustomPublish