Dalheim er eitt av mange grendahus i Lindås.

Dalheim er eitt av mange grendahus i Lindås.

Driv du laghus eller grendahus i bygda di?

Då er du hjarteleg velkommen til eit ope møte 15. september klokka 19.00 i Sjosia i Lindås.

Tema for møtet er:

  • Korleis løfta fram og styrka organisasjonseigde kulturhus?
  • Korleis fylla husa med kultur?

”Folk i Huset” er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkeakademiet Hordaland, Huset i Bygda (Hordaland Ungdomslag) og Hordaland musikkråd. Målet er å setja fokus på dei mange kulturhusa som er eigd av ungdomslag, misjonsforeiningar, lag generelt og liknande. Private aktørar som ofte driv på dugnad.

Gjennom å samla ulike kulturaktørar ynskjer me å inspirera til auka aktivitet i husa gjennom å informera om mellom anna:

  • Drift og vedlikehald av hus
  • Korleis laga gode arrangement
  • Kor får ein tak i gode kulturaktørar
  • Korleis er akustikken i lokalet og kva type lyd egner salen seg til

Me håpar du har høve til å komma og bidra i debatten! Inviter gjerne andre som kunne vera interesserte!

Trykk her for å melde deg på!

Deltakinga er gratis. Det vert enkel servering.

 

Ta kontakt med Frivilligsentralen i Lindås for spørsmål.

Per Ole Ekker, dagleg leiar
Mobbil: 99554540
E-post: per-ole.ekker@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish