Driftsbygningar i landbruket

Ein driftsbygning er ein bygning som er nødvendig for drifta på ein landbrukseigedom. Dette gjeld mellom anna driftsbygningar for jordbruk, husdyrbruk, seterdrift, hagebruk, gartneri, skogsdrift, pelsdyravl, reindrift og yrkesfiske.

Dette kan søke om på eiga hand

  • oppføring, vesentleg endring, vesentleg reparasjon eller riving av driftsbygning inntil 1000 kvadratmeter bruksareal (BRA)
  • tilbygg til driftsbygning der arealet på eksisterande driftsbygning inkludert tilbygg ikkje er meir enn 1 000 kvadratmeter bruksareal (BRA)

Dette må du få hjelp frå fagfolk til å søkje om

  • driftsbygningar på meir enn 1 000 kvadratmeter bruksareal
  • tilbygg til driftsbygning der samla bruksareal inkludert tilbygg vert meir enn 1 000 kvadratmeter.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153. Hugs at du må nabovarsle søknaden. Trykk her for å lese meir om nabovarsling.
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Opplysningar om føremålet med (bruken av) bygningen.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • fasadeteikningar
    • planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • snitt
  • Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kva kostar det?

Pris for driftsbygning er 7.000 kroner for inntil 1000 kvadratmeter. For driftsbygning over 1000 kvadratmeter er gebyret 16.400 kroner.

Har du søkt om dispensasjon, kjem det dispensasjonsgebyr på 9.650 kroner per dispensasjon i tillegg

Gebyret er det same for avslått sak.

Les meir

Trykk her for å lese departementet sin rettleiar for plang- og bygningslova og landbruksretta næringsverksemd.

Kva seier lova?

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Du kan også ta kontakt med kundesenteret på rådhuset tysdag og torsdag i tidsrommet 09.00 – 11.30 og 12.00- 15.00, anten ved oppmøte eller på telefon 56 37 51 00.

Trykk her for å lese meir om kva vi kan hjelpe deg med på kundesenteret.

Web levert av CustomPublish