Slik kan nye Knarvik sentrum sjå ut.

Slik kan nye Knarvik sentrum sjå ut. Illustrasjon: Asplan Viak

Dialogmøte om Knarvikplanen

Dette er ein invitasjon til grunneigarar, utbyggjarar og andre interesserte om deltaking på eit dialogmøte om områdeplan for Knarvik sentrum. Påmeldingsfrist er fredag 3. juni 2016.

Agenda:

  • Områdeplan Knarvik sentrum – ein plan med store moglegheiter
    • Intensjonar og overordna prinsipp
    • Kvalitetsprogram
    • Sentrale begrep, dokumentasjon og krav (GOF, utnyttingsgrad, reguleringsplan, rekkjefølgjekrav etc.)
    • Teknisk infrastruktur og parkering
    • Tips og råd i arbeid med planen
  • Kommunen sin strategi for å realisere planen
    • Politisk vedtak og bestilling
    • Utbyggingsavtalar
    • Utbygging av teknisk infrastruktur/E39
    • Status på sentral dokumentasjon
    • Kommunikasjon med grunneigarar og utbyggjarar
  • Open diskusjon og dialog

Frå kommunen vil desse bidra på møtet:

  • Fredrik Barth frå Asplan Viak
  • Espen Viddal frå WSP Norge,
  • Fagfolk frå planavdelinga og teknisk avdeling i kommunen
  • Rådmannen

Tid:                       
Tysdag 7. juni kl 1200 – 1530

Stad:                    
Kantina i Nordhordlandshallen

Påmelding: 
Send ein e-post til info@lindas.kommune.no innan fredag 3. juni 2016

Vi serverer enkel lunsj og kaffe.

Beste helsing,
Hogne Haugsdal
Assisterande rådmann i Lindås kommune

Web levert av CustomPublish