Dialogisk lesing

Dette er ei ressursside for tilsette i alle barnehagane i Lindås kommune - både private og kommunale.

Kva er dialogisk lesing?

Dialogisk lesing er eit pedagogisk verktøy som har dokumentert effekt i høve til å auke barn sitt ordforråd og styrke deira kommunikative kompetanse. Dialogisk lesing handlar om å lese bøker med bilete og tekst for barn på ein  systematisk måte. Samtalen saman med barna står sentralt i dialogisk lesing.

Dialogisk lesing er utvikla av den amerikanske forskaren G.J Whitehurst. 
Samtalen saman med barna står sentralt.

Dialogisk lesing er for alle barn. Vår erfaring er at metoden er særleg godt eigna for minoritetsspråklege barn, og barn som har eit lite utvikla språk. Gjennom dialogisk lesing får barna mogelegheit til å styrke eigenleiing og leikekompetanse.

Mål

  • Positiv leseoppleving her og no
  • Gje ei fellesoppleving/felleskap
  • Inspirasjon til leik og venskap
  • Auke barnet sin kommunikasjonskompetanse
  • Auka ordforråd
  • Auks konsentrasjon
 

"Forenkling av språket er ein trussel for barn si utvikling av djupne og nyanse i språket. Tenk igjennom eigen språkbruk. Korleis snakka du saman med barna? Korleis les du for barna?" - Sitat, Tonje Alvestad Ophus

Trykk her for å laste ned ein presentasjon om dialogisk lesing

Web levert av CustomPublish