Dette betyr statsbudsjettet for Lindås

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, gir Lindås kommune ein svak vekst – samanlikna med tidlegare år.

For Lindås kommune ser utviklinga slik ut:

 

2013

2014

2015

Skatt og ramme*

707.805

742.200

757.125

Endring

 

+ 34 mill.

+ 15 mill.

* Tal i 1000 kr

Det er verd å merke seg at medfinansieringa (til samhandlingsreforma) er tatt ut av ramma for 2015. Samhandlingsreforma vart innført 1. januar 2012. Då medfinansieringa vart lagt inn i ramma det første året, utgjorde medfinansieringa 14,4 millionar kroner.

Førebels har kommunen berre tilgang til dei store linene. Vi kjem tilbake med meir informasjon, etter kvart som vi får analysert statsbudsjettet nærare.

 

Les meir om statsbudsjettet 2015:

Web levert av CustomPublish