Dagopphald for personar med psykisk utviklingshemming

Dagopphald for personar med psykisk utviklingshemming

Dette er eit tilbod til deg som har ei psykisk utviklingshemming. Her får du tilbod om aktivitetar og sosialt samvær.

Dagopphald  er først og fremst  eit tilbod til deg som bur i omsorgsbustad med døgnbemanning. Aktivitetane skal gi pleie, trening og meistring. I enkelte tilfelle kan også du som bur i anna bustad søkje om dagopphald.

Trykk her for å lese om omsorgsbustad med døgnbemanning - omsorgsbustad pluss.

Kva får du?

  • Du kan få tilbod om alt frå ein til fem dagar i veka. Kva dagar du kan vere på dagopphaldet er avhengig av ønska dine og kapasiteten vår.
  • Du får aktivitets- og kulturtilbod som er tilpassa deg.

Krav til søkjar

  • du bur i omsorgsbustad pluss
  • du har ei psykisk utviklingshemming
  • du har behov sosiale aktivitetar

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish