Dagsenter for personar med rusproblem

Stig inn - aktiv kvardag er eit tilbod til deg som har rusrelaterte  problem, og ønskjer at livet skal endre seg i ei meir positiv og aktiv retning. Tilbodet er ope for alle i denne målgruppa  tre dagar i veka.

Kva får du?
  • Måndag får du vere med på ulike arbeidsoppgåver, til dømes å pusse opp gamle møblar. Onsdag inviterer vi til sosialt samvær og aktivitetar som ulike spel, bordtennis eller biljard. Det er også rom for den gode samtalen.
  • Torsdag har vi turdag. Turen startar i 11-12-tida. Vi kler oss etter veret og møter på Stig Inn klokka 11.00.
  • Felles lunch alle desse tre dagane.
  • Representant frå NAV Lindås er hos oss ein gong i veka, for tida på torsdagar.
Krav til brukar
  • Du har eit rusrelatert problem
  • Du ønskjer endring i livet i  ei meir positiv  og aktiv retning
  • Du ønskjer å ta meir ansvar i livet ditt
  • Vi ønskjer at «Stig Inn- aktiv kvardag» skal vere ein trygg og god stad. Difor har vi saman utarbeidd eit sett med husreglar, og ventar at alle som nyttar tilbodet følgjer reglane.
Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å komme på dagsenteret. Du betaler for mat og drikke. Vi sender faktura i posten.

  • Lunsj: 56 kroner
  • Kaffi/te: 5 kroner
Søknadsfrist

Dette tilbodet er eit lågterskeltiltak. Det betyr at du kan møte opp ved behov, utan å søke om plass på tilbodet.

Du kan møte opp ein eller fleire dagar om du vil delta på dei ulike aktivitetane.

Opningstider
  • Måndagar frå klokka 09.00 til 14.00. 
  • Onsdagar frå klokka 11.00 til 15.00. 
  • Torsdag ar frå klokka 10.30 til 14.00.

Adresse: Kvernhusmyrane 1, Knarvik

Har du spørsmål? Kontakt oss

Vi svarar på ei av desse tre mobilane mellom 08.00 og 15.30

  • Mobil: 945 38 084 eller 990 94 093 eller 404 36 201

Vi svarar på denne mobilen i opningstida til dagsenteret:

  • Mobil: 409 10 897
Web levert av CustomPublish