Arbeids- og aktivitetssenteret Ner Kolås

Arbeids- og aktivitetssenter Ner Kolås har fokus på arbeidstrening og aktivitet i eit trygt sosialt fellesskap. Senteret er eit tun med fleire bygningar .

  • I kjellaren driv vi med handverksaktivitetar.
  • I snikkarbua driv vi med trearbeid.
  • I løa produserer vi ved for sal.
  • Enkelt vedlikehald av eigedommen
Kva får du?
  • Du får tilrettelagte arbeidsoppgåver og ein avtale  om arbeidsoppgåver som er tilpassa deg.
  • Du får arbeidstrening og aktivitet i eit trygt og sosialt fellesskap.
  • Du får gratis transport  tur-retur Knarvik/Lindås.
Krav til søkjar
  • Du må vere i aldersgruppa 25-62 år. I særskilte tilfelle kan personar mellom 18-25 år få plass.
  • Det er ikkje tillate å nytte eller vere påverka av rusmiddel.
  • Du må fungere godt i eit sosialt fellesskap.
  • Du må som hovudregel hantere arbeidsoppgåver og aktivitet sjølvstendig.
  • Du må vere uføretrygda eller på arbeidsavklaringspengar.
  • Du må inngå avtale om arbeidsoppgåver.
  • Du må søke for kvar ny periode.
Kva kostar det?

Tilbodet er gratis, men lunsjen kostar 48 kroner kvar gong.

Opningstider

Tysdag, torsdag og fredag mellom klokka 09.00 og 15.00.

Kvar finn du oss?

Vi held hus i Kolåsvegen 112.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mars kvart år . Du må søkje for kvar ny periode. Dersom det blir ledige plassar midt i ein periode, kan vi tildele desse etter kvart. 

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Les meir

Trykk her for å laste ned retningslinjenen våre for tildeling av plass ved Ner Kolås.

 

Web levert av CustomPublish