Dagopphald for eldre

Dagopphald er eit tilbod til eldre som bur heime. Her får du tilbod om sosiale aktivitetar og gode næringsrike måltid. Ønskjer du eit dagopphald, må du sende søknad til Forvaltningskontoret.

Du kan ikkje sjølv velje kor du ønskjer å få eit dagtilbod. Vi vurderer søknaden din, og gir det tilbodet som passar best for deg.

Her har vi dagtilbod:

  • Alversund dagsenter er ope tre dagar i veka. Dette er eit tilbod for deg som har hukommelsessvikt, men er fysisk funksjonsfrisk.
  • Såta dagsenter er ope  fem dagar i veka. Dette er eit tilbod for deg som både har funksjonstap og hukommelsessvikt.
  • Lindås dagsenter er ope tre dagar i veka. Dette er eit tilbod for deg som både har funksjonstap og hukommelsessvikt.
  • Knarvik dagsenter er ope fire dagar i veka. Fredag har dagsenteret dobbel kapasitet. Dette er eit tilbod for deg som har funksjonstap.
Kva får du?
  • Du kan få plass ein til fem dagar i veka. Kor mange dagar du får tilbod om heng saman med kva du ønskjer og kva vi har kapasitet til.
  • Du får tilbod om frukost og middag
  • Du får aktivitets- og kulturtilbod
  • Du får tilbod om skyss
Krav til søkjar
  • Du bur heime
  • Du må ha bruk for, nytte og glede av sosial stimulering og aktivitet i fellesskap med andre
  • Du må kunne delta i og fungere i gruppe
  • Du er fysisk mobil, eventuelt ved hjelp av forflytningshjelpemiddel
  • Du har ikkje opphald i institusjon eller omsorgsbustad pluss
  • Du har ikkje behov for ein til ein-bemanning
  • Du har ikkje vedvarande behov for skjerming for å ta i vare eigen integritet
  • Du kan ikkje nyttiggjere deg lavterskeltilbod for sosialt fellesskap og aktivitet, eller sosial arenaer i regi av frivillige

Les meir om kriteria for tildeling av dagplass i kommunen. PDF document ODT document

Kva kostar det?

Tilbodet kostar 139 kroner per dag. Dette inkluderer to måltid og skyss.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish