Byggjesak for privatpersonar

Lindås kommune har ikkje eigne søknadsskjema, men nyttar Direktoratet for byggkvalitet sine skjema. Direktoratet har også rettleiarar, som vi ber deg om følgje før du sender ein søknad til kommunen.

Alle rettleiarane losar deg gjennom viktige sjekkpunkt og listar opp kva ein søknad til kommunen må innehalde. Før du byggjer, river eller endrar noko på eigedomen din, sørg for at du er heilt trygg på kva du må gjere.

Kan eg byggje utan å søkje?

Direktoratet for byggkvalitet har laga ein vegvisar, som hjelper deg til å finne ut om du kan byggje utan å søke.

Vegvisaren er aktuell for deg som skal byggje:

  1. Ein garasje
  2. Ein garasje med eit eige rom
  3. Ein hagebod, eit lysthus, eit drivhus, ein vedbod eller sykkelbod
  4. Ein fritidsbustad eller eit anneks
  5. Ein verkstad, eit atelier eller eit kontor

Trykk her for å gå rett til vegvisaren «Bygg utan å søke».

Trykk her for fleire råd om søknadsplikt, nabovarsling, regelverk og anna.

Sjølv om du kan byggje utan å søke, merk deg at:

  • Du må melde ifrå til kommunen, slik at bygget eller tilbygget blir teikna inn i kommunen sine kartdata.
  • Du slepper å sende nabovarsel, men naboen din vert garantert glad om du varslar han eller ho før du startar bygginga.

Kan eg søke sjølv?

På fagspråket blir du som skal byggje ofte referert til som «tiltakshavar» eller «byggherre».

I nokre tilfelle kan du som tiltakshavar sjølv søke kommunen om lov til å byggje, endre eller rive – utan å bruke snekkar, murar, andre fagpersonar eller det vi kallar for «ansvarlege føretak».

Trykk her for å laste ned ein rettleiaren med oversikt over kva byggjearbeid du kan søke om og stå ansvarleg for sjølv.

I rettleiaren finn du lenke til eit søknadsskjema og andre dokument kommunen må ha for å vurdere søknaden din.

Må eg søkje dispensasjon frå lova eller ein plan?

Ønskjer du å byggje, rive eller endre på noko som er i strid med lova, reglar og planar for eigedomen din, må du søke dispensasjon frå regelverket.

Alle eigedomar i kommunen er skildra i ein plan – anten i kommuneplanen, ein kommunedelplan eller ein reguleringsplan. Dersom du veit kva plan som gjeld for din eigedom kan du lese planen i kommunen sitt digitale planarkiv – trykk her for å gå til planarkivet (braplan). Lurar du på kva plan som gjeld på din eigedom, kan du ta kontakt med kommunen på byggesak@lindas.kommune.no, på telefon eller ved oppmøte i byggesaksvakta tysdag og torsdag.

Trykk her for å laste ned ein rettleiar med oversikt over kva du kan søkje om dispensasjon frå og korleis du søkjer kommunen om dispensasjon.

Web levert av CustomPublish