Bustadtilsyn

Før kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på sms før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden.

Dette sjekkar vi:

  • at eldstad og skorstein er intakt og verkar slik dei skal
  • at røykvarslarar og sløkkjeutstyr fungerer, og at det er rømmingsvegar frå bustaden
  • om det er behov for feiing, og om feiar har tilgang til skorsteinen

I tillegg gir vi deg god informasjon og rettleiing på spørsmål om branntryggleik, fyring og fyringsøkonomi.

Web levert av CustomPublish