Brukarstyrt personleg assistanse - BPA

Har du nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).

Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.

Kva får du? 

Du får ein assistent som både kan hjelpe deg personleg og hjelpe deg med praktisk husarbeid.

Du styrer sjølv:

  • kven du vil ha som assistent
  • kva assistenten skal gjere
  • når assistenten skal vere hos deg

Dersom du sjølv ikkje kan være arbeidsleiar for assistenten, kan du gi rolla som arbeidsleiar til nokon som kjenner deg godt.

Slik vel du assistent

I Lindås kommune har vi avtale med to private leverandørar, som kan ta arbeidsgjevaransvar for assistenten din. Du kan velje å ha kommunen som arbeidsgjevar, men vi rår deg til å velje ein av dei to private.

Vi har avtale med HjemmeBest og Uloba.

Her kan du lese meir om HjemmeBest:

Her kan du lese meir om Uloba:

Sjølv om du vel å få hjelp frå eit privat selskap, er det kommunen som er ansvarleg for å følgje opp kvaliteten på tenesta du får.

Kva kostar det?

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigenandel.

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.

Grunnbeløp

Timesats

Utgiftstak

Under 2G

200 kroner per månad

200 kroner

2-3 G

257 kroner per time

828 kroner

3-4 G

325 kroner per time

1590 kroner

4G og over

393 kroner per time

1970 kroner

Les meir

Trykk her for å laste ned eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet om BPA.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish