På servicetorget deler Anita Flæsland og Aslaug Haugland ut refleksar til alle som vil ha.

På servicetorget deler Anita Flæsland og Aslaug Haugland ut refleksar til alle som vil ha.

Bruk refleks - bli synleg i trafikken

Vi har ingen å miste i trafikken. Pass på kvarandre - ta på minst ein refleks før du går ut døra. 

Vi er inne i den mørkaste årstida, og det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar fordi du som går eller syklar langs vegen ikkje har refleks!

Slik hjelper refleksen deg

  • Brukar du refleks, reduserer du risikoen for å bli påkøyrd med 85 prosent. Refleksen er difor ein enkel og rimeleg livsforsikring.
  •  Utan refleks er du først synleg på 25-30 meter hald – med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen brukar nærlys. Refleksen gir bilføraren 10 sekund til å reagere – i staden for to.
  •  Nokon trur at det ikkje er naudsynt med refleks når dei går i område med gatelys. Dette er galt. Sjølv om du ser bilen, ser ikkje bilisten deg.

Her delar vi ut refleksar

Vi ønskjer at du som bur i Lindås kommune skal vere trygg. Difor delar vi ut gratis refleksar til barnehagebarn, ungdomsskuleelevar og andre innbyggjarar.

I år satsar vi på ungdommane, og delar ut refleks til alle ungdomsskuleelevar i kommunen. Vi legg i tillegg ut ein del refleksar på rådhuset og biblioteka i kommunen. 

Reflekskampanjen er eit samarbeid mellom Lindås kommune, Trafikkfagleg samarbeidsutval (TSU) og nabokommunar i regionen. Årets refleksar er designa av Kygo.

Her er Trygg Trafikk sine 5 beste reflekstips:

1. Fest refleks på alle jakkar, sekker og vesker - då har du alltid med deg refleks.

​2. Refleksar er forbruksvare, bytt ut gamle refleksar.

3. Bruk helst to refleksar. Då er du synleg frå alle kantar.

​4. Refleks er best synleg når den rører seg. Fest refleks på armar og bein.

​5. Hengerefleksar bør henge i knehøgde for best mogleg effekt.

Web levert av CustomPublish