Elevar på grunnskule for vaksne har fått refleks av Lindås kommune.

Elevar på grunnskule for vaksne har fått refleks av Lindås kommune.

Bruk refleks – bli sett!

Vi har ingen å miste i trafikken. Pass på kvarandre – ta på minst ein refleks før de går ut døra heime.

Vi er inne i den mørkaste årstida, og det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar fordi du som går eller syklar langs vegen ikkje har refleks!

Slik hjelper refleksen deg

  • Brukar du refleks, reduserer du risikoen for å bli påkøyrd med 85 prosent. Refleksen er difor ein enkel og rimeleg livsforsikring.
  • Utan refleks er du først synleg på 25-30 meter hald – med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen brukar nærlys. Refleksen gir bilføraren 10 sekund til å reagere – i staden for to.
  • Nokon trur at det ikkje er naudsynt med refleks når dei går i område med gatelys. Dette er galt. Sjølv om du ser bilen, ser ikkje bilisten deg.

Her delar vi ut refleksar

Vi ønskjer at du som bur i Lindås skal vere trygg. Som eit folkehelsetiltak, delar vi difor ut gratis refleksar til skulebarn og andre innbyggjarar.

I år satsar vi på dei yngste, og delar ut refleks til alle skulebarn i kommunen. Vi legg i tillegg ut ein del refleksar på rådhuset og biblioteka i kommunen. 

Web levert av CustomPublish