Brøyting og strøing av kommunale vegar

Slik kan du melde ifrå

  • Telefon på kvardagar 08.0015.30: 56 37 50 00 (sentralbord Lindås kommune)
  • Vakttelefon kveld og helg: 918 61 247 (vakthavande brannbefal)
  • E-post: teknisk@lindas.kommune.no (blir lesen på dagtid kvardagar)

Slik jobbar vi

Vintersesongen i Lindås kommune er perioden frå 15. oktober til 15. april.

Kommunen er delt inn i 22 ulike brøyteroder som er tildelte eksterne kontraktørar.

Rode 22 høyrer til eigedomsavdelinga i kommunen, som har ansvar for å brøyte og strø kring skular og helseinstitusjonar.

Om vinteren må du som går og køyrer rekne med dårlegare veg- og føretilhøve. Målet for det kommunale vegnettet er at vegane i størst mogleg grad skal vere framkommelege for:

  • gåande som er skodde for vinterføre
  • normalt vinterutstyrte personbilar

Det er du som førar/eigar av bilen som har ansvar for at bilen er forsvarleg skodd for vinterføre der du ferdast!

Vegane i kommunen ligg spreidde over eit stort geografisk område, med varierande utfordringar knytte til vinterdrifta. Samstundes som det er full vinter ein stad, kan det vere fleire plussgrader ein annan.  Kontraktane er derfor baserte på at det er den enkelte kontraktøren som vurderer kor tid det er behov for å strø eller brøyte.

Lindås kommune ber deg særskilt om å vere merksam på desse punkta:

  • Brøyting tar lengre tid i sterkt og vedvarande snøvêr.
  • Lindås er ein kommune med store varierande vêr- og føretilhøve.
  • Salt «smeltar» ikkje isen i kaldt vêr (kaldare enn −5 grader).
  • I sterk vind kan strøsanden blåse av vegen.
  • Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognosar. Når desse prognosane slår feil ut, kan det ta lengre tid før arbeidet kjem i gang.

Frå sesongen 2015/2016 er alle vinterkontraktørane til Lindås kommune utstyrte med GPS.

Det vil seie at kommunen heile tida har oversyn med kvar det blir brøytt/strødd, og kor tid det har blitt brøytt/strødd.

Viktig melding til alle

Det er vinter i Noreg! Det fører til at vegane kan vere glatte, og du må alltid køyre etter forholda!

Web levert av CustomPublish