Breiband til 1711 husstandar i Lindås

20 nye område i Lindås kommune får breiband i 2018. Men ikkje nok med det, kommunen har pengar att til meir utbygging når jobben er gjort.

For eitt år sidan stakk Lindås kommune av med heile potten til breibandutbygging i Hordaland. Med støtta frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og eigne midlar gjekk Lindås på anbod med 15,6 millionar til betre dekning for innbyggjarar og næringsliv i kommunen.

Pengar att

Lindås kommune bad om tilbod på 20 område, og er svært nøgd med at pengane viser seg å rekkje til alle desse områda – og litt til.

– Vi teiknar avtale med tre leverandørar, og har 7 millionar att når jobben er gjort. Det betyr at vi kan gå rett på planlegging av vidare utbygging, og invitere til ny konkurranse på nye område, fortel Ole Jakob Aarland i Lindås kommune.

I dag har under halvparten av innbyggjarane i kommunen breiband (linjer med hastigheit på meir enn 30 megabit per sekund). Etter utbygginga aukar dekningsgraden til meir enn 70 prosent.

– Dette er eit formidabel løft og etterlengta for mange av dei som bur og driv næring i kommunen vår, seier Aarland.

Kva skjer når?

Det er Telenor, Bergen Fiber og Net Star som har fått avtalar om å byggje ut breiband i denne runden. Framdriftsplanane er ikkje klare enno, men vi ser for oss:

  • Hausten 2017: Dersom du bur i eitt av dei 21 områda vil du bli kontakta av eitt av dei tre selskapa i haust. Det er frivillig å teikne avtale om breiband, men Aarland rår alle som ønskjer breiband om å teikne avtale med selskapa no – og ikkje vente til seinare.
  • Våren 2018: Sjølve utbygginga skjer våren 2018. Leverandørane vil ferdigstille eitt og eitt område.

Kva område får breiband no?

 

Område

Husstandar

Kven skal byggje ut?

Knarvik (bygd ved Mongstad)

32

Bergen Fiber

Hope

55

Bergen Fiber

Risa

163

Bergen Fiber

Fanebust

86

Bergen Fiber

Vabø

96

Bergen Fiber

Lindås sør – Haukås

67

Bergen Fiber

Skodvin – Skauge

91

NetStar

Natås

17

Bergen Fiber

Sæveråsvåg

33

Bergen Fiber

Hodneland

60

Bergen Fiber

Lygra

38

NetStar

Myksvoll

50

NetStar

Seimsfjorden aust

69

NetStar

Seimsfjorden vest (Monstad)

53

NetStar

Alversund

32

Telenor

Bjørsvik

46

Telenor

Ostereidet – Stranda

263

Telenor

Eidsnes – Totland

107

Telenor

Eikangervåg

148

Telenor

Hjelmås - Leknes

205

Telenor

 

Web levert av CustomPublish