Brannvernet treng aspirantar

Operativ avdeling i Lindås & Meland brann og redning søkjer etter kursdeltakarar til aspirantkurs 2014.

Dei to kommunane har eit dagkasernerte og deltidskorps med rullerande brannvakt om kveld/natt kvar 5 veke, med vakt mellom kl.16  - 08 på kvardagar og døgnet rundt i helga. Brannvernet sitt personell er alltid klare til å rykka ut for å redda liv, verna om miljø og verdiar.

 

Lindås og Meland operativ avdeling består av to stasjonar, Knarvik stasjon på Ikenberget og Lindås stasjon lokalisert ved Lindås senter.

 

Lindås & Meland Brann og redning treng deltids vikarar ved operativ avdeling, til både Knarvik og Lindås stasjon. Det vert difor arrangert  gratis aspirantkurs i 2014.

 

Ved gjennomført aspirantkurs vil du inneha minimums kompetanse til å kunna søkja som vikar i Lindås & Meland Brann og redning

Det vil i løpet av kort tid, våren/sommaren 2014 bli lyst ut nye vikarstillingar i Lindås & Meland brann og redning .

 

Kvinner og personar med minoritets bakgrunn vert oppmoda om å søkja.

 

Beredskapsstrukturen tilseier at tilsette bør bu maksimalt 10 minutt frå tettstaden:

Knarvik, Frekhaug eller Lindås senter.

 

Kurset er planlagt frå veke 18 til og med 20, og det vil vera to kursdagar i veka.

Kurset startar klokka 17:00 og vil avslutta seinast klokka 21:00.

Nærare informasjon blir gitt til dei som får tilbod om aspirantkurset. 

 

Kvalifikasjonar/krav

  • Førarkort: Minimum kl. B (Personar med klasse C vert oppmoda om å søkja)
  • Deltakarar må bestå  fysisk test for brannpersonell .
  • Bustad 10 min frå tettstadene Lindås senter, Frekhaug senter og Knarvik senter
  • Gyldig legeattest for førarkort kl D (buss), skal leggjast fram ved kursstart.
  • Deltakarar må vera psykisk og fysisk skikka 
  • Søkjarar må beherska norsk munnleg og skriftleg

 

Søknad om kursplass :

Søknadsfrist 23.4.14

Berre søknader sendt på e-post blir vurdert, desse skal sendast til:    meni@lindas.kommune.no

Legg ved enkel CV,  kontaktinformasjon og  bustadsadresse.

 

Kontaktperson:

Ved spørsmål, kontakt Jan-Tore Kolås tlf: 959 97 243 eller epost jan.tore.kolas@lindas.kommune.no

 

Personlege eigenskapar

God til å samarbeida, positiv, ærleg og meistrer utfordrande/stressande situasjonar

 

Anna

Plettfri vandel. Vandelsattest kan bli kravd framlagt ved tilsetjing som vikar.

 

 

 

Generelt

Som vikar i LMB inngår ein i utrykkingstenesta for å verna liv og helse, materielle verdiar og miljø i Lindås og Meland kommunar. Ein får utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit framtidsretta brannvesen. Søkjarar vil få stadfesting om kursplass. 

Web levert av CustomPublish