Lindås og Meland brannvern inviterer til open dag lørdag 20. september 2014.

Lindås og Meland brannvern inviterer til open dag lørdag 20. september 2014.

Brannmann for ein dag

Har du aldri vore i ein brannbil før? No har du sjansen. Ta med deg alle du kjenner, og kom på open brannstasjon lørdag 20. september.

I samband med den årlege brannvernveka, opnar Lindås og Meland brann og redning brannstasjonen for store og små. Ta med søsken, foreldre, tanter, onkler, bestemor, bestefar, og bli med på å gjøre dette til ein spennande og innhaldsrik dag!

Kor møter du?
Den nye brannstasjonen finn du på denne adressa: Stølen 16, 5911 Alversund

Når møter du?
Brannstasjonen er open lørdag 20. september 2014 mellom klokka 10:00 og 14:00

Kva skjer?
Velkommen til ein hyggeleg og fartsfylt dag! Denne dagen får du læra om trafikk- og branntryggleik, prøvesitte ein brannbil, sløkke ein brann, spyple med ein brannslange og mykje meir. I tillegg vil nødetatane demonstrere korleis dei jobbar når det har skjedd ei trafikkulykke.

Kven møter du?
Alle desse har eigne stands denne dagen: Norsk Luftambulanse, Barnas Hus, politiet, brann, ambulanse, Trygg trafikk, BKK, Røde Kors, sivilforsvaret og Nordhordland bilberging og Falck. 

Web levert av CustomPublish