Bosset blir henta trass i konkurs

RenoNorden AS, selskapet som har bosstømminga i Nordhordland, har gått konkurs. Dersom du ikkje får anna melding frå NGIR, blir bosset ditt henta som normalt.

Følg med på heimesida og facebooksida til NGIR for siste nytt om kva konsekvensar konkursen kan få for deg.

Inntil vidare er dette meldinga frå NGIR: Dersom du ikkje får anna melding frå NGIR, blir bosset ditt henta som normalt.

NGIR sender tekstmelding direkte til alle som får endra hentemønster.

NGIR jobbar med å finne alternative løysingar, og ber kundane sine om å følgje med på heimesida og facebook, i staden for å ta direkte kontakt med telefon og e-post.

Web levert av CustomPublish