Boring i Knarvik sentrum

Veke 8, 9 og 10 vil vi sjekke grunnen på fleire stader i Knarvik sentrum. Her kan du lese meir om kvifor.

Kva gjer vi? 

Vi gjennomfører grunn- og miljøundersøkingar langs fleire vegar i Knarvik sentrum samt mot Kvassnesstemma. Vi nyttar ein borerigg til arbeidet, og innbyggarane må vere merksame på at det kan vere naudsynt med innskrenking av køyrebaner fleire stader i korte periodar.

Kvifor gjer vi dette?

For å hente inn grunnlagsdata til prosjektering av kommunale tekniske anlegg og omlegging av kommunalt vegnett. Alle data blir brukt i arbeidet med å realisere Knarvikbyen.

Når skjer det?

Frå veke 8 til og med veke 10.

Web levert av CustomPublish