Målet med rein hand-prosjektet er å lære barna handhygiene - og senke sjukefråveret

Målet med rein hand-prosjektet er å lære barna handhygiene - og senke sjukefråveret

Bli rein hand-barnehage no!

Ein heldig barnehage får 1.000 kroner for deltakinga, men hovudpremien er større – og går til alle som deltar.

Målet med Rein hand-prosjektet er å lære barna god handhygiene! I fjor deltok 10 av 17 barnehagar i Lindås kommune. Ingeniør i Miljøretta Helsevern, håpar deltakinga vert endå større i år.

– Gevinsten er færre sjuke barn! Alle barnehagane som deltok i fjor, meldte om lågare sjukefråver i barnegruppene sine, fortel Grethe Elin Mjelde.

I tillegg lokkar ho med pengepremiar. Alle barnehagane som er med i prosjektet, deltar i trekninga om tre pengepremiar:

  • 1. premie: 1.000 kroner
  • 2. og 3. premie: 500 kroner

Sjølve prosjektet er enkelt, lærerikt og gøy. Barnehagane som deltar får tilgang til eit undervisningsopplegg med fem trinn:

  1. Lære barna handvaskesongen
  2. Fargelegge virus og bakteriar
  3. Barna vert vaskesjefar heime
  4. Spørreleik om handsvak
  5. Utdeling av diplom

– Tilbakemeldinga frå barnehagane som deltok i fjor, var at prosjektet var kjekt – og at borna var flinke til å vaske hendene sine. Barnehagane eg har besøkt etter prosjektperioden i fjor, har framleis plakatane oppe – og barna er framleis flinke til å vaske hendene, seier Mjelde.

For meir informasjon:
Trykk her for å laste ned søknadsskjema PDF document ODT document
Trykk her for å laste ned faktaark om reine hender
Trykk her for å lese meir om prosjektet på Bergen kommune sine heimesider

Ønskjer du å melde på barnehagen din?
Nytt vedlagt skjema og send søknad innan 15. oktober 2014 til e-post mjge@lindas.kommune.no eller pr. post til:

Lindås kommune
Miljøretta helsevern v/Grethe Elin Mjelde
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Merk konvolutten eller e-posten med «Rein hand-barnehage»

Lurar du på noko? Ta kontakt med:
Grethe Elin Mjelde, teknisk-hygienisk ingeniør
Tlf: 56375770 eller 95019609
E-post: mjge@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish