Program for næringsmøtet "På skattejakt i Nordhordland".

Program for næringsmøtet

Bli med på skattejakt i Nordhordland

Team Nordhordland inviterer til gründerkonferanse. Der kan du møte nyskapande nordhordlendingar med næringsvit. Meld deg på og møt fram 19. februar på Sansetunet i Meland

Team Nordhordland er det faglege nettverket for tilsette i det offentlege hjelpeapparatet i regionen. Her finn du tilsette i kommunane, som nærings- og samfunnsutviklarar, landbrukssjefar, tilsette i næringshagar, Nordhordland utviklingssenter og Etablerersenteret i Bergen.

I 2012 arrangerte Team Nordhordland den første «På skattejakt i Nordhordland»-konferansen. Omlag 100 personar - alt frå bønder, nyetabelerarar, politikarar, reiselivsfolk  og administrativt tilsette i kommunane - fylde Strilatun for å høyre på ein del suksesshistoriar frå mellom anna Åmot Operagard og Stokkøya. Team Nordhordland prøver på årets konferanse å sjå på kva vi har fått til i eigen region, og programmet er spanande samansett med tanke på dette.

 

Vi kan skape noko i Nordhordland også

Konferansen vert halde på Sansetunet på Kårbø i Meland. Dette er 2 mil vidare frå Frekhaug. Her har Jan Atle Tvedt bygd opp eit flott selskapslokale i tradisjonell stil. Han og kona står for drifta, og lagar all mat denne dagen. Jan Atle vil også halda eit innlegg der han fortel om korleis han og familien har gjort bygdeglede til levebrød.

Årets landbruksblogger, Dag Jørund Lønning, er også klar for konferansen. Lønning er rektor for Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling og brenn for samfunnsutvikling. Hans tema er «Korleis få folk med? Om mobilisering og revitalisert lokaldemokrati».

Linn Dyveke Wilberg er ein ekte It-gründer frå havgapet. Godt forankra på Mjømna i Gulen har ho vore mellom dei som har skaffa seg og fleire andre eit levebrød på innovative løysingar innan IT. Det er kanskje nok å nemne AskAdam og Beat.no

Hillesvåg ullvarefabrikk er kanskje kjerringa mot straumen innan tradisjonsrike næringar i Noreg. Øyvind Myhr skal fortelje om «Korleis utnnytte kulturarv i moderne design og forrettningsmodellar?»

Kven har ikkje kjøpt seg ein Hackit siste året? Mannen bak oppfinninga, Vegard Ertsvåg, skala fortelje om dette eventyret frå Seim. Å sei opp ein god jobb for å satse på ein «sprø» ide er kanskje ikkje noko alle gjer. Men Vegard gjorde det.

Dei kulturelle innslaga er det allsidige Jon Martin Skauge som står for. Denne musikalske karen er ansatt i fleire kulturskular i regionen, har gjeve ut eigen CD, får fram talent og har skrive eigen hylles til nærbutikken på Kvingo i Masforden.

Ordstyrar er journalist Eva Røyrane.

Mette Nora Sætre er næringssjef i Hordaland fylkeskommune, og vil stå for oppsummeringa denne dagen.

 

Toril Marie Mulen i Team Nordhordland er svært godt nøgd med programmet ein har fått saman til årets konferanse. – Det er viktig for oss å syne kva Nordhordlendingane sjølv har fått til, og det er hyggeleg at fleire av dei er so positive at dei vil dele av sine erfaringar med andre, seier Mulen.

Ho legg til at ho håpar at konferansen vil fenge dei som er i oppstartsfasen med eigne idear, dei som er nyetablert, dei som vil ha litt inspirasjon og dei som rett og slett er litt nyfikne.

– Vi har plass til omlag 90 personar på sansetunet, så det er viktig at dei som vil vera med melder seg på via www.nordhordland.net snarast råd, legg Torill Mulen til. Der vil ein også finne meir informasjon om konferansen.

Web levert av CustomPublish