Bli med på balanse- og stryketrening i Lindåshallen

Vi tar imot nye grupper i Lindåshallen etter påske. Tilbodet er mynta på eldre som treng og ønskjer å trene på styrke og balanse.

Tilbodet er for  heimebuande eldre som:

  • opplever problem med balansen
  • er redd for å falle eller har falt tidlegare
  • er motivert for å trene styrke og balanse

Treningsperioden er på 8 veker med trening ein gong pr veke. Treninga vert leia av fysioterapeut og er gratis.

Du må kome deg til og frå treningslokale på eige hand. Drosje kan rekvirerast ved behov.

Tiltaket byggjer på kunnskap om at trening av styrke og balanse betrar funksjonsevna til eldre.

Alle deltakarane får tilbod om heimebesøk av ergoterapeut for råd, rettleiing og tilrettelegging av bustad.

 

Tenkjer du at dette er noko for deg, kan du få nærare informasjon ved å kontakte:

Kommunefysioterapeut Susanne Villanger Rolland

Mobil: 40912685

E-post: susanne.villanger.rolland@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish