Bli med inn i heimar med vedkjel

Er du interessert i fornybare energiløysingar? Ein vedkjel kan vere ei effektiv og rimeleg løysing for å varme opp både heimar og gardsbruk. Tysdag 21. april opnar to familiar heimane sine på Radøy og i Lindås - slik at du kan sjå korleis det verkar.

Med ein vedkjel kan du droppe oljefyr eller straum, og dekke heile oppvarmingsbehovet ditt. Du kan også kombinere det med andre oppvarmingsløysingar.

Befaringane stratar med ein kort presentasjon, der installatør og eigar fortel om anlegget og kva som må til for av vedkjel skal fungere. Deretter ser vi korleis anlegga er bygd opp.

Det er mogleg å få med seg begge befaringane. Vi køyrer samla frå heimen på Radøy til tomannsbustaden i Lindås.

 

Vedkjel på Radøy

Tid: 21. april, 18:00 - 19:00

Stad: Grindheimsvegen 173, 5936 Manger. (Sjå i kart her)

Stein Erik Greve har installert vedkjel. Boligen hadde tidligere ikke vannbåren varme, så hele varmeanlegget er bygget opp fra grunnen med både gulvvarme, vedkjel og varmelager.  

 

Vedkjel i Lindås

Tid: 21. april 20:00 – 21:00

Stad: Skarsvegen 769, 5912 Seim. (Sjå i kart her)

Nils Jarle Skare har erstatta oljefyring med ein kombinasjon av vedkjel og luft-vann varmepumpe. Anlegget varmar opp ein tomannsbustad.

 

Påmelding til: silje@naturvernforbundet.no innan 20. april 2015.

Tilbodet er eit samarbeid mellom kommunane Lindås og Radøy og Naturvernforbundet.

Web levert av CustomPublish