Informasjonsbrosjyra til Lindås kommune handlar om det å bu, jobbe og leve i kommunen vår.

Informasjonsbrosjyra til Lindås kommune handlar om det å bu, jobbe og leve i kommunen vår.

Bla i den nye brosjyren vår!

Den nye informasjonsbrosjyren vår er ei gåve til innbyggjarar, næringslivet og tilsette i kommunen! Her får du møte fleire familiar, som fortel korleis det er å bu, jobbe og leve i Lindås.

I fleire år har vi mangla ein oppdatert brosjyre som fortel korleis det er å bu, jobbe og leve i Lindås kommune. Vi synes difor det er stas å kunne dele denne informasjonsbrosjyren, som har blitt til i eit samspel mellom Lindås kommune, lokale bedrifter og byrået JS Norge.

Brosjyren fortel sjølvsagt ikkje alt, men gir deg ein smakebit av kommunen som vi er stolte av – og glade i! Her får du møte fleire familiar og kan lese kva som gjer at dei har valt å busetje seg der dei bur.

Du får også eit innblikk i delar av næringslivet vårt, lese om jobbmoglegheiter i Lindås kommune og bli kjent med nokre av dei mange fritidstilboda som finst i kommunen.

Knarvikmila har sjølvsagt fått plass, det same har Hillesvåg ullvarefabrikk og ei historie frå korpsmiljøet i kommunen. Og så har sjølvaste humørbonden Geir Styve frå Hjelmås delt sine tankar kring kva det vil seie å vere ein stril.

Vi håpar at du vil lese og bruke brosjyren aktivt – anten du er innbyggjarar, bedriftsleiarar, politikarar eller tilsett i kommunen. Vær så god – brosjyren er di!

Trykk her for å bla i brosjyren til Lindås kommune.

Web levert av CustomPublish