Betre parkering på garveritomta

Ein plan for å betre parkeringstilhøva på garveritomta i Tveiten ligg til offentleg ettersyn.

Kunngjering av godkjent mindre reguleringsendring for Tveiten, Garveritomta

I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, vert det kunngjort at kommunesyret i møte den 12.06.2014, sak 052/14, godkjente mindre endring av reguleringsplan for Tveiten, garveritomta, gbnr 138/21, m.fl.

Hovudføremålet med reguleringsendringa er å leggje til rette for ei meir føremålstenleg parkeringsløysing i prosjektet. Det vert også gjort mindre endringar på eigarforhold knytt til gangvegar og kai i området.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 16.07.2014 til 20.08.2014 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på kommunen sitt planregister, braPLAN, www.geoweb.no/braplan. I braPLAN, søk på plan-id 1263-201104, dokumenter.

Planskildring, illustrasjonar og andre rapportar vert ikkje sendt ut i papirformat, men er å finne på braPLAN.

Du kan også laste ned dokumenta og lese meir om planen her:

Om klage og verknad av plan:

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. På bakgrunn av tidspunktet for utsending av vedtaket og ferieavvikling, har kommunen utvida klagefristen med to veker. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til: 

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, elektronisk via kommunens heimesider under ”høyringar” eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 20.08.2014.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

 

Web levert av CustomPublish