Betale rekning frå Lindås kommune?

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar frå Lindås kommune (ikkje skattekrav) skal betalast til bankkonto 3201.05.89338 som også er oppgitt på rekninga. Ikkje gløym å oppgi aktuell KID-referanse for å sikre rask og korrekt behandling av innbetalinga di. Dersom KID-referanse manglar kan du skrive kundenummeret ditt som er oppgitt på rekninga.

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-KODE:  NO5832010589338
  • SWIFT/BIC-adresse:   SPRONO22

Kva måte vil du betale rekningane dine på?

  • eFaktura: Med eFaktura mottek du alle rekningane frå Lindås kommune ferdig utfylt rett i nettbanken din i staden for i postkassa.  Du slepp å taste KID- og kontonummer, alt du treng å gjere er å klikke OK for å betale rekninga på aktuell forfallsdato.
  • Avtalegiro: Du kan også inngå Avtalegiro med banken din for trekk av faste rekningar pr månad.
  • Faktura pr post: Du kan også få tilsendt faktura pr epost – då må du kontakte rekneskapsavdelinga eller sende mail til regnskap@lindas.kommune.no der du opplyser om namn, kundenummer, adresse og e-postadresse.

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med rekneskapsavdelinga vår

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med fagavdelinga du har kjøpt tenesta hos.

  • Spørsmål om vatn-, avløp- og slamgebyr: Ring ekspedisjonen på 56 37 50 00 og be om å få snakke med VA-avdelinga
  • Spørsmål om feiegebyr: Ring ekspedisjonen på 56 37 50 00 og be om å få snakke med feiarane
  • Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med den barnehagen til barnet ditt
  • Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt
  • Spørsmål om praktisk bistand: Ring ekspedisjonen på 56 37 50 00 og be om å få snakke med forvaltningskontoret
  • Spørsmål om faktura eller gebyr for andre tenester: Kontakt Lindås kommune, ekspedisjonen telefon 56 37 50 00

Tilskot og gåver

Andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) skal du betale til konto 3201.05.89311.

Merk innbetalinga, til dømes med tilskot eller gåver.

Web levert av CustomPublish