Bekymringsmelding for offentleg tilsette

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Slik kan du som er offentleg tilsett ta kontakt med eller sende ei bekymringsmelding til barnevernet. Hugs at du som offentleg tilsett har plikt til å melde.

Alle offentleg tilsette, samt ein rad yrkesutøvarar  med profesjonsbestemt teieplikt, uavhengig av om vedkommande arbeider i det offentlege eller ikkje, har plikt til å melde og gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at

  1. Eit barn vert mishandla i heimen
  2. Det ligg føre andre former for omsorgssvikt
  3. Når eit barn har vist vedvarende alvorlege åtferdsvansker.

Opplysningsplikta betyr plikt til å melde, etter eige tiltak, ved slik alvorleg bekymring. Meldeplikta er personleg, altså ikkje lagt til verksemda eller verksemda sin leiar.

Denne opplysningsplikta  går føre teieplikta etter andre lover. Dersom arbeidet ditt er regulert etter ei særlov ( opplæringslova, helsepersonellova, barnehagelova osv) vil du finne kapittel der som omhandlar denne opplysnings-/meldeplikta.

Du kan ringe barnevernet på førehand og drøfte ei anonymisert sak dersom det er noko som er uklart om det å melde til barnevernet.

Melde ilag med dei det gjeld

Svært ofte er foreldra samde, eller vil bli samde dersom ein tek saka opp, om at barnet og/eller foreldra strevar og treng hjelp. Det er i slike høve fullt mogleg å søke barnevernet om hjelp i lag med, eller på vegne av, foreldre. Det kan vere nyttig å bruke tid til å få dette til i staden for å sende ei melding med ein gong.

Uansett er vårt generelle råd at du orienterer foreldre om at melding vert sendt og på kva grunnlag meldinga vert sendt.

Slik melder du frå

Det er ikkje sett formalkrav til meldingar, men som absolutt hovedregel bør meldingar frå deg vere skriftleg. Prinsippet om å nytta skriftleg og forsvarleg framstilling i offentleg forvaltning spelar inn, men er viktig også for at du sjølv kan sikre kva opplysningar og eventuelle vurderingar du gjev.

Trykk her for å laste ned meldeskjema

Oppfølging av meldinga

Innan 3 veker skal du få skriftleg tilbakemelding på at meldinga er mottatt og om meldinga vil føre til at ei vidare undersøking vert gjort eller ikkje.

Når ei sak er ferdig undersøkt og konkludert, skal du ha skriftleg melding om at saka er avslutta og om det blir iverksatt tiltak eller ikkje.

Dersom foreldra samtykker eller barneverntenesta finn det avgjerande for våre formål, kan du få fleire opplysningar.

Dersom du seinare framleis er bekymra eller det skjer nytt som er bekymringsfullt, bør du melde igjen. Ta det ikkje for gitt at barnevernet kjenner til alt sjølv  om vi er, eller var, inne i saka.

Web levert av CustomPublish